Publisert 30.11.2013

Arne Erik Fønhus

Sjølv om Arne Erik sjølv nok berre vil seie at han berre har gjort jobben sin, så veit eg - og fleire andre - at det ligg uhorveleg mange ubetalte timar attpå, der Arne Erik meir enn noko har vore ein god ambassadør og pådrivar for næringsutvikling i Valdres. Næringsutvikling er tidkrevjande arbeid, og det er umogleg for dei som står utanfor å sjå kva for ein innsats som ligg bak små og store resultat. Men det faktum at Arne Erik dei siste ti åra har leia ein av landets største og mest suksessrike næringshagar bør i seg sjølv vera nok til eit lite stykke heider og ære.