Møt juryen som skal plukke ut dei fire vinnarane!

  • ##

    Christian Blix-Nilsen

    Juryformann & Gjensidige-sjef

    Christian Blix-Nilsen er dagleg leiar i Gjensidige Valdres Brannkasse og juryformann.

  • ##

    Ola Kjørli

    Eldsjel

    Det er ikkje utan grunn at vi har med Ola på laget. Ihuga skientusiast og velkjent eldsjel for mange i dalføret. Under Idrettsgallaen 2011 fekk han som fortent og blei tildelt prisen «Årets ildsjel» for sitt arbeid i skigruppa i Skrautvål IL (der han har vore med i over 40 år)!

  • ##

    Vidar Eltun

    Ordførar i Vang

    Ein real Vangspatriot med eit brennande hjarte for alt som skjer i heimbygda, og sjølvskriven frivillig der det trengs.

  • ##

    Inger Torun Klosbøle

    Ordførar i Nord-Aurdal

    Inger Torun er juryens einaste dame, og det kan òg nemnast at ho er den fyrste kvinnelege ordføraren i Nord-Aurdal.

  • ##

    Kjell Berge Melbybråten

    Ordførar i Øystre Slidre

    Kjell har mange jarn i elden. Han er både gardbrukar, politikar og engasjert frivillig i mange samanhengar, og veit nok litt av kvart om kva som krevs av ei ekte eldsjel.

  • ##

    Lars Kvissel

    Ordførar i Vestre Slidre

    Lars kjem opprinneleg frå Fagernes, men har gjort slidring av seg og er no ordførar i Vestre Slidre.

  • ##

    Svein Bakke

    Fungerande ordførar i Sør-Aurdal

    Svein har som fungerande ordførar tatt på seg juryjobben på vegne av Sør-Aurdal.

  • ##

    Jan Arild Berg

    Ordførar i Etnedal

    Jan Arild har vore ordførar i Etnedal heilt sidan før milleniumsskiftet, nærare bestemt sidan 1999, og er med andre ord ein erfaren Etnedøl med oversikt over det meste som rører seg i heimbyga.