Nominert den 05. December 2013Anne Kjønniksen

Morten og Julia Helgesen

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Initiativtakarar til Barnas Turlag Valdres. Det vart starta opp hausten 2011, og teke opp som undergruppe i DNT Valdres på årsmøtet 20/3 -2012. Har bidrege til eit kjempeflott, omfattande og variert tilbod med turar og aktivitetar, fyrst og fremst ute i naturen, for ungar (og foreldre) i Valdres. Alt frå "skummeltur" på museet via klatring i Falggberget til tur på Galdhøpiggen. Årsmeldinga for 2012 syner 25 avvikla aktivetetar, med i alt ca 1400 deltakarar (små og store medrekna). Årsmeldinga for 2013 er ikkje laga enno, men programmet som vart laga på førehand la opp stil stor aktivitet. Om ynskjeleg kan eg levere inn medlemsblad med program og omtale av aktivitetane etterpå. Barnas Turlag har også vore flinke til å bruke lokalavisa til å fortelje om aktivitetane sine.