Om kåringa

I desse dagar markerar Valdres Gjensidige Brannkasse at det er 150 år sidan den fyrste brannkassa blei etablert i Valdres. Dette ynskjer me å markere på ein heilt spesiell måte:

Me skal heidre eldsjelene som har gått i bresjen for trivsel og nyskaping i Valdres gjennom dei siste 150 åra.

Sidan me aldri vil klare å nå kvar einskild kunde, vel me i staden å setje fokus på dei som gjennom heile vår levetid har vore med på å setje sitt preg på bygdene, utan å nødvendigvis ha fått noko attende for det – nemleg eldsjelene.

Me inviterer med dette alle innbyggjarane i Valdres til å nominere «si» eldsjel innafor fire kategoriar vi meiner er viktige for oss og Valdres:

  • Eldsjeler i næringslivet
  • Eldsjeler i landbruket
  • Eldsjeler for kultur og idrett
  • Eldsjeler for born og unge