Nominert den 26. November 2013

Trond Wahlstrøm

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Trond Wahlstrøm er ein gründer med eit ukueleg pågangsmot. Han er risikovillig og entusiastisk i alt han engasjerer seg i. Han eig og driv Beito Ysteri med fleire tilsette. Dei distribuerer no ost i store mengder over heile Austlandet. Trond er også hovudeigar og initiativtakar i Smak av Valdres i Mathallen, Oslo, eit utstillingsvindauga for lokalmaten vår. Trond har lært seg ystefaget frå grunnen og har byggd opp verksemda si gjennom hardt arbeid. Han skapar arbeidsplassar i Valdres og skapar god pr for Valdres gjennom gode produkt, der stølsosten m.a har fått spesialitetsmerking. Han satsar også friskt på ølbrygging av myse, og serverer dette i lag med andre lokale spesialitetar i opplevingsysteriet på Beitostølen. Her kan gjestane sjå heile ysteprosessen gjennom glassvegger. Trond bidreg også til eit godt samarbeidsklima med andre lokale produsentar i Valdres.