Publisert 15.11.2013

Oddbjørn Skeie

Oddbjørn jobbar til dagleg som sjef for kulturskulen i Vang, og er ein person som stiller opp på det meste han blir spurt om - og meir til - både i arbeidstida og på fritida. Ein ekte dugnadskar! I tillegg er han mellom anna skrivar i Valdreskvelven Spel- og Dansarlag, og bidreg mykje til eit levande og aktivt kulturliv i eigen kommune og resten av dalføret.