Publisert 02.12.2013

Maren Rønnaug Sæteren-Hippe

Maren Rønnaug har gjennom 30 år bidrage stort for å la ungar og ungdommar få utfolde seg i guds frie natur som speiderleiar og gruppeleiar. Ho har vore ein motivator for born og vaksne for å auke kunnskapen om kva speiding handlar om. Ho stiller opp langt utover det som forventas, og ho er alltid blid!

Nominasjon #2

I tillegg til all fritid hun bruker på speiderbevegelsen, var hun ivrig trener og "altmuligkvinne" rundt håndballen på Bagn - så lenge barn og unge hadde interesse for å være med. Og i tillegg til dette legger Maren Rønnaug ned mange mange arbeidstimer i Begna IL : Medlem i styret + skianlegget på Åsemyra med klubbrenn, skikafe, stafetter og Kongsvegløpet - Maren Rønnaug står på !! Hun ser den enkelte, og har en god kommentar til alle andre ! Og, JA: alltid med et smil !!

Nominasjon #3

Eg har vore inne og sett at Maren Rønnaug har vorte nominert med begrunning i innsatsen hennar innan speiderarbeid. Eg ynskjer å skrive under på dette. Eg har sjølv ungar, som har hatt glede av hennes arbeid innan speiding. Eg ynskjer også å trekkje fram hennes engasjemang på Åsemyra og Begna IL. Ho har vore ein sterk bidragsytar for å setje Åsemyra på "idretskartet" i skimiljøet både i Valdres og på fylkesnivå. Ho viser ein utrettelige innsats og iver etter at alt skal væra korrekt. Ho er flink til å dra folk med seg og få ting i havn, sjølv om ho ikkje er så flink til å delegere. Ho spring heller dobbelt så fort og gjer jobben sjølv. Ho er primus motor for å dra i havn både lokale skirenn og renn på kretsplan. Maren Rønnaug er alltid blid og positiv. Den smittande, klingande latteren høyrest på lang lei. Ho har også lagt ned mange timar for å få handballen i kommunen "opp å gå igjen". Dette heldt ho på med i fleire år. Dette var til stor glede for barna i kommunen. Eg føler at Maren Rønnaug ville vera en verdig vinnar.