Publisert 16.11.2013

Harald Bøe

Harald Bøe har vore ein ildsjel for barn og unge i Vang og Valdres sidan 1991. Gjennom ulike idrettslag og friluftsprosjekt har han arbeida for at born og unge skal få glede, meistring og naturopplevingar utanom det vanlege. Dette har sett varige spor hjå mange av dei unge han har fått med seg ut i naturen, og bidrege til ei friluftsinteresse som varar livet ut. Mykje av grunnen til at Harald får dette til er hans evige positivitet, og eit vinnande vesen med omtanke og tålmod langt utover det vanlege.

Harald sitt engasjement for born og unge handlar ikkje berre om friluftsliv. Gjennom sitt engasjement for Jotnerock og Ungdommens Kulturmønstring har han også sørga for at mange har fått utfordringar, meistringskjensle og store opplevingar også på og framfor scenekanten. Harald er ett og slett ein kjernekar!