Nominert den 15. December 2013Boksmia forlag

Bjørn Karsrud

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Bjørn Karsrud har i meir enn 25 år vore ei drivkraft og ein aktiv støttespelar for ei lang rekke kultur- og idrettsaktivitetar i Valdres. Der han ikkje har vore i leiinga, har han vore ein kreativ idémakar og støttespelar i bakgrunnen. Tidvis har han bevisst spela på bakmannsrolla der yrkesrolla som journalist i avisa Valdres har hindra han frå å ta ei meir framtredande rolle. Sjeldan har han skulka ein dugnad, og kven ellers har vore sjåfør for ungar og ungdom på veg til folkemusikk- og idrettsarrangement? Han har vore i leiinga for mållaget og ei driftskraft i arbeidet med bokkveldar, språkdagar og mykje meir. Han har vore i spissen for idrettslag, trenar for fotballungdommar og pådrivar for skiheis i Månobakkadn. Han er nesten åleine «Mr. Valdresbanen», i spissen for turisttog og dresinsykling på Valdresbanen i eit åretal. Likeeins har han vore ei meir enn sentral drivkraft for «Stiftinga gulbygningen», eit kultur- og grendehus i den nedlagde landbruksskulen på Leira. Han har òg skrive og bidratt til bøker med lokalsamfunnsprofil, mellom anna om tettstaden Leira og Valdresbanen. Og journalisten - ja, han har dekka det meste av idretts- og kulturaktivitetar i Valdres i ein mannsalder (!). Kven sa ildsjel..?