Nominert den 15. November 2013Avisa Valdres

Rolf Karstein Rogstad

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Rolf har alltid vore flink til å bidra i bygda Skrautvål. Han har lagt ned utallige dugnadstimer i skisenteret i Skrautvål og på idrettsarrangement både i Skrautvål og på Beitostølen. Han stiller opp uansett, og har fått ein stor bekjentskapskrets gjennom idretten som han set pris på. Han har vore med som trenar og hjelpetrenar i skiskyttargruppa i Skrautvål i over 20 år. I over 30 år har han kontinuerlig hatt verv i bygda, blant anna vore medlem av Mellerundekomiteen, hatt ulike verv i idrettslaget, vore med i hovedkomiteen i NM i langrenn 1999 og NM i skiskyting 1992 i Skrautvål, samt vore rennleiar. Rolf har også vore med som ein viktig pådrivar i Skrautvål Hornmusikk i omlag 30 år, og forsøkte i det lengste å få korpset til å halde fram i tider med lite rekruttering. Han er ein aktiv og positiv kar i nærmiljøet, ein ekte eldsjel!