Nominert den 09. December 2013

Trygve Bolstad

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Trygve Bolstad har vore ein bærebjelke og ein bauta i folkemusikkmiljøet i Valdres i mange år. Han er A-klassespelemann på hardingfele, og har via all si tid til elevar rundt om i Valdres i heile si aktive karriere. Skjeldan var det kun den tilmålte tida eleven fekk, Trygve har alltid gjeve meir enn det har vore spord etter. Mang ein elev har vorte trygt og godt rettleia opp igjennom åra med små og store samlingar, konsertar og kappleikar, alltid med eit smil og ein støttande kommentar. Ein lun og arbeidssam kar som alltid har tenkt på det beste for miljøet, og har budd i bilen med fela godt over ein mannsalder.