Nominert den 13. December 2013Aud Søyland

Oddrun Hegge

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Oddrun har gjort ein stor innsats på fleire område gjennom mange år: som utøvar, og ikkje minst lærar på langeleik, som instrumentmakar og -reparatør, som leiar i Valdres Ungdomslag, som leiar i Valdres Folkemusikklag og som styremedlem i Nord-Aurdal Mållag, der ho mellom anna har vore sentral i arbeidet med å byggje opp Kvitvella Forlag. I seinare år har ho lagt ned mykje arbeid for å styrkje samhaldet i bygda Aurdal, der ho bur. Mellom anna har ho laga faste oversikter over alt som føregår i Aurdal, og ho har tala for samarbeid i ei tid då Aurdal har vore splitta etter salet av grendeskulen.