Nominert den 05. December 2013Oda Rogn Tveit

Inger Kongslien Tveit

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

Hei! Eg ynskjer å nominere mi kjære mor, Inger Kongslien Tveit, til årets eldsjel i Valdres. Ho har budd heile sitt liv i Vang i Valdres, nærare bestemt på Tveit, like ved Høre og Ryfoss. Eg veit at mange leiarar, arrangementmedspelarar og andre folk generelt veit at Mamma har mykje tæl, stå-på-vilje og den rette dugnadsånden. Her kjem litt fleire grunnar til at eg meinar ho fortjenar denne utmerkelsen:

- Ho har sete i Høre ungdomslag sidan ho var 15 år! Der har ho blant anna vore kasserar og har hatt fleire andre roller i styret i tillegg til at ho har dratt i gang fleire arrangement og samlingar. Døme kjem lenger ned.

- Ho har vore arrangementsansvarleg for to revyar og eit skodespel i Høre.

- Ho har vore både trenar, oppmann og materialforvaltar for FK Vang. - Ho har vore aktiv i både sokneråd, kommunestyre, kulturstyre, klassekontakt og mykje meir. I tillegg til alle desse styreverva har ho og vore med å dratt i gang og arrangert mykje forskjellige aktivitetar og “merkedagar” for ulike årstider for både ungar og vaksne. Dette er blant anna: - Ho var gjennom engasjementet i idrettslaget med på ideen om å utvikle Farmendagen i Ryfoss, og har mykje ansvar og frivillig jobb rundt dette.

- Zumba i Høre vil eg seie er hennar fortjeneste. Ho fann ut at Heidi L. Eriksen var zumbainstruktør, kontakta henne, fekk te både hus og prøvetimar, og dette vart etter kvart kjempepopulært!

- Volleyball i Høre på onsdagskveldar på vinterstid. Dette styrast av Høre og Ryfoss IL, og ho fikk dratt igang en del fedre slek at det fekk ein oppsving.

- Ho har og vore med å dratt i gang ein aktivitetsdag i Ryfoss på vinterstid, med mellom anna jenteskitur, turgetur eller skøytekveld.

- Ho drog i gang nyttårsmarsj, og i samarbeid med Carl Philip vart denne kombinert med ei nyttårsmesse på Riddarberg i hytta te Stavkarane, i staden for å ha det i kyrkja. Det har ført til mangedobla oppmøte, både av eldre og småbarnsfamiliar, og det heile blir ein flott og luftig dag ute i naturen med litt preken attåt.

- Mamma, saman med resten av Høre og Ryfoss IL, Joker, Statoil, Frisørsalongen (og evt fleire involverte som eg ikkje har fått med meg) har stått i spissen for julegateopning i Ryfoss sentrum. Det har utvikla seg litt frå år til år, og dei har no fått i gang at alle går “julegata” som er frå Joker’n og bortover mot byggefeltet, så dei kjem ut att frå byggefeltet ved Statoil. Her går vi med faklar, og så ventar det godtepose frå Joker etterpå. Nokre gonger har det vore med julepynta hest og kjerre og. I tillegg har både Joker, Statoil, Anne Ma frisør og treningssenteret utvida opningstider denne kvelden med spesielle juletilbod for alle som ynskjer 

- Mamma har vært med på å videreføre gågruppe i Høre og Ryfoss, der dei møtast nede i gangvegen i Ryfoss og går opp og ned gangvegen til Høre. Dette har nok vore eit tilbod mest populært for den eldre garde, men det trengs jammen det og i denne bygda! Dette pleier å vera onsdagskveldar på vinter, vår og haust.

- I tillegg til alt dette er ho ein viktig bidragsytar i bygda når det gjeld det meste. Ho stiller opp når det er dugnad, ho skriv i Menighetsbladet og titt og ofte kjem ho på nokre gode, utspekulerte idear som skal gjere det meir meiningsfylt og morosamt å bu i denne bygda, og ofte er det aktivitetar som inneheld fysisk aktivitet, å tilbringe tid med familien og vera ute i naturen, som har ein enorm eigaverdi og nytteverdi for alle. Grunna alt dette synes eg mor mi fortjenar å bli lagt merke til med ein slek pris, og eg unnar ho det maksmimalt! Eg synes ho er kjempeflink, og ho stillar opp overalt der det trengs, og ho tek tak i ting når ho ser det er behov for det. For å seia det slek er ho ikkje redd for å bli korkje møkjut på hendane enn å ta på seg litt ekstra arbeid for å gjera folk blide og tilfredse. Eg, mine to yngre søsken og Pappa ynskjer veldig at ho skal få denne prisen, både grunna av alt eg har nevnt ovanfor, men også fordi ho er ei fantastisk mor og kone. Ho stiller opp for oss alle saman når vi treng det, og det kan vera alt ifrå at rommet ditt er rundvaska til jul når du kjem att frå høgskule i desember, og til hjelp i fjøset slik at Pappa skal rekke eit møte eller å få reise på volleyball i Høre! Og når ho har fått julebonus frå jobben, sender ho oss borna kvar sin tusenlapp, i staden for å bruke dei på seg sjøl :) 

Heia Mamma! Helsing eldste dottera, Mari.

Nominasjon #2:

 Inger er ei dame med tæl. Ho har mange jern i elden og står på seint og tidlig. Anten det er på arbeid, heime på garden eller for lokalsamfunnet. Ho er familiekjær er omsorgsfull og bryr seg om andre. Anten det er familen, venner eller andre og ikkji minste einslige. Inger brenner for lokalsamfunnet og ho er ikkji redd for å stikke seg fram eller seie meiningane sine. og stå for dei. Ho har vore aktiv innan for politikken, ungdomskag, idrettslag .m.m. stiller opp på dugnad, aktiv med for gågruppa i Høre -Ryfoss, drage i gang Zumba i Høre . Ein tå dei som fekk i gang Farmendagen og Julegateøfninge i Ryfoss. Som har stor betydning for bygde. det ser ein på framøte desse dagane. Inger fortener ein pris for sitt engasjemang og pågangsmot for lokalsamfunnet.