Nominert den 03. December 2013Roy Myrland

Trond Rogne og Atle Dalen

Forslagsstillar si begrunning for nominasjonen:

På Beitostølen er det en hippie! Han er både strukturert, nøyaktig og forsiktig. Der bor også en som ser ut som "svigermors drøm" av en mann, men han er både litt "musikk-gal" og rocka så det holder. Trond Rogne og Atle Dalen er sammen både forbildelige ildsjeler og solide samfunnsbyggere med sitt 110% engasjement med og rundt Trollrock suksessen. For næringslivet på Beitostølen er de gull verdt. Uten deres til tider sjølutsettende innsats hadde neppe Trollrock-festivalen blitt den massive suksessen den er.

Nominasjon #2:

Det byrja for 13 år sidan som ein lokal festival i Øystre Slidre. Høpp i Føssn vart ein møteplass for lokal ungdom og ikkje minst ei scene for lokale musikarar. Med eit busjett utelukkande fylt med eigeninnsats fekk gutane til denne festivalen i 10 år. I 2011 tok dei skrittet vidare og skapte Trollrock, ein samlingsplass for folk i alle aldersgrupper og med dei største artistane Valdres har hatt besøk av. VM i Trollrock gjev dei unge i Valdres moglegheit til å vise seg fram. Trollrock er eit fellesskap som engasjerer fleire hundre menneske med organisering og gjennomføring, samt at fleire tusen får ei oppleving både musikalsk og sosialt. Offentleg stønad har vore særs begrensa og gutane har satsa sparepengane sine for å gje folk ein festival. Ungdommar har fått delta både som musikarar, men også i fellesskapet rundt det å arrangere ein festival. Trollrock har vorte ein møteplass for både tilreisande og lokale og ei sterkt sakna scene for musikarspirer i lokalmiljøet. Etter to år med lite offentleg stønad og negativt resultat, ville mange ha gjeve opp, men gutane held på og hadde nye ambisjonar for kvart år. Det er mykje ansvar og mange detaljar som skal på plass for å arrangere ein slik stor festival. At to gutar kan gje så mange tusen folk ei stor oppleving er noko å vera stolt av! Dei har satsa sine eigne pengar og eigen arbeidsinnsats for å gje fleire tusen folk Trollrock - dette ville berre ekte eldskjeler ha gjort.